Aabv

Det interkommunale brannvernet

Det Interkommunale Brannvernet består av kommunane Ålesund, Giske, Sula, Skodje, Ørskog, Stordal og Norddal.

DIB.jpg

Det Interkommunale brannvernet blei oppretta 01.01.1985. Målet for samarbeidet er å betre brannvernet i distriktet og skape eit rikare brannteknisk miljø.

Administrativt er teamleiar og dei to branninspektørane tilknytt brannvernet i Ålesund, men har faste oppgåver og mål regulert gjennom instruks.

Kurs/øvingar

velse skodje 2015

Realistiske øvingar som på bildet var ei av mange øvingar i DIB kommunane. Bildet er frå ei redningsøving mellom brannmannskap og helsepersonell i Skodje kommune i 2015.

Førebyggjande brannvern

I tillegg til lovfesta tilsyn, fungerer vi som rådgjevarar i byggjesaker både ovanfor byggherrar og for dei kommunale sakshandsamarane. Også skular, helseinstitusjonar, barnehagar og bedrifter vert prioritert i det brannførebyggjande arbeidet.